Havre er ikkje eigna til å baka brød av åleine – det blir berre ikkje bra, men saman med for eksempel kveitemjøl er det kjempebra. Havre gir ein litt søt smak som er skikkeleg godt.

 

  • 110 g sammalt havre
  • 290 g sikta kveitemjøl
  • 0,25 ts tørrgjær
  • 1,5 ts salt
  • havregryn til utbaking

Rør alt unntatt havregryn enkelt saman og la det stå til heving i 12-18 timar. Det stemmer at det skal vere ein litt våt deig.

Når deigen har stått og har blitt litt boblete, heller du han på eit bakepapir med godt med havregryn på på og bretter han over seg sjølv ti-tolv gonger. Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han stå der til etterheving i om lag 2 timer.

Når det har gått 1,5 time set du omnen på 245 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming.

Når omnen har blitt 245 *C (og deigen har etterheva i to timer), tek du gryta ut av omnen. Løft opp deigen på bakepapiret og hell han forsiktig ned i den varme gryta. Sett på lokket og putt heile greia i omnen.

Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til.

Ha brødet på rist og la det avkjøla seg før du skjærer i det. Oppbevar det så i eit kjøkkenhandkle.