Bønnesuppe

Det er fint at noko så sunt, enkelt og billig kan vere så godt. Suverent! Dette held til to svoltne.

 

Du treng:

  • 3 dl tørka bønner (eg brukte kvite limabønner)
  • 1 lauk
  • 3 fedd kvitlauk
  • 1 stor potet
  • kylling- eller grønnsaksbuljong
  • ein bunt timian
  • 2 laurbærblad
  • salt og pepper
  • 2 dl mjølk

Legg bønnene i godt med vatn over natta. Hakk opp lauk og kvitlauk og potet og ha det i ei gryte saman med bønnene og urtene. Hell på buljong eller kraft til det dekkjer. Kok opp.

Kok alt saman i tre kvarter til ein time, til bønnene er møyre. Det avhengjer litt av kor store bønnene er kor lang tid det tek. Ta så ut laurbærblad og timianbunt og mos suppa med stavmiksar. Ha i mjølka, her må du prøva deg fram til du får konsistensen du ønskjer deg. Smak til med salt og peppar. Det er himla godt med sprøsteikt spekeskinke til. Og godt brød så klart.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.