Pizza

Pizza er vel omtrent det beste som er. Og definitivt noko av det enklaste. Einkvar møblert heim har dog si oppskrift dei følgjer på pizza. Her er vår.

Til deigen:

  • 10 dl kvetemjøl (dette er cirkamål. Du prøver deg sjølvsagt fram.)
  • ca 5 dl lunka vatn
  • 25 gram fersk gjær
  • 2-3 ms olivenolje
  • Et par klyper salt
  • En skvis honning

Fyll:

  • 1 boks hermetiske tomater
  • 2-3 ms tomatpuré
  • Lauk
  • Kvitlauk
  • Timian, rosmarin eller andre krydder
  • Gjerne ferske urter dersom du har det
  • Salt, pepper og ei klype sukker

 

Fyll: Jo lenger tomatsausen får koka, desto bedre blir den. Eg byrjer difor alltid med sausen, slik at han får utvikla seg medan deigen elter og så kviler. Hakk lauk og kvitlauk og ha det i ei gryte saman med litt olivenolje. Steik det gyllent og mjukt på middels varme. Ha i tomatene, tomatpureen og litt meir olivenolje, og gjerne nokre ferske hakka tomater viss du har det. Det går og an å ha i soltørka tomater viss du har rester av det i kjøleskapet, og chili. Det er veldig godt. Ha i krydderet og smak til med salt, sukker og peppar. La det heile koka i minst ein halvtime, men gjerne så lenge du har tid til. Bruk stavmiksar til å køyra blandinga heilt glatt til slutt.

Deigen: Rør ut gjær i lunka vatn. Ha mjøl, olje, salt og honning i ein bakebolle og rør det lett saman med vatnet. Elt deigen til han er smidig og mjuk som fløyel, gjerne i opp til femten minutt. Set deigen til heving på ein lun stad med plastfolie over bollen. La det heva i minst ein halvtime.

Ha mjøl utover benken og del deigen i to pizzaer. Du kan eventuelt laga pizzabollar av den andre deigen viss de er berre to, som me.

Smør utover tomatsausen. Ha over ost og set i omnen. Steik på 250 grader på varmluft i om lag 10 minutt.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.