Pikekyss

Små, søte marengsbitar. Dei er perfekte å berre ha i eit norgesglas og eta til kaffen eller til ein kopp te. Dei er perfekte å pynta med, og dei er perfekte viss du skal laga Eton mess, til dømes. Eller du kan servera dei med jordbær. Og så er det så enkelt, det tek berre litt tid!

Du treng:

  • 3 eggekviter
  • 225 g sukker
  • ei lita klype salt og ein bitteliten skvis sitron

Gni bakebollen med litt sitron og salt. Ha i eggekvitene og ein tredel av sukekret. Pisk det luftig, og ha i resten av sukkeret. Pisk det heilt stivt, og lag små toppar på eit bakebrett. Steik det i to timar på 70 grader til dei er heilt tørre. Så har du dei i ein lufttett boks eller glas.

Ein tanke på “Pikekyss

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.