Steikt brosme med pastinakkpuré

DSC_6892

Stian og eg var i ein ganske ny fiskebutikk på Tjuvholmen i dag kor me faktisk fann brosme. Mannen i fiskebutikken var forresten kjempetriveleg og sørvisminda, og me fekk høyra masse om kva han tenkte om både fisk og å jobba i fiskebutikk, så viss de vil ha bra fisk kan eg verkeleg gjerne anbefala dei! Brosme finn eg jammen ikkje så mykje av i Oslo, så det var topp, eg er nemleg brosmeentusiast. Brosme er ein fisk i torskefamilien som liker seg på djupt vatn, og han er fast og fin i kjøtet. Du kan gjerne legga ein brosmefilet på grillen med godt resultat! Fisken held seg nemleg godt saman.

Pastinakk- og potetpuré:

  • Nok skrelte pastinakkar og poteter til dei som skal eta
  • Vatn
  • Ein skvett fløyte
  • Nokre terningar smør
  • Salt, peppar, timian
Kok opp vatn og ha i terningar av potet og pastinakk. Ha berre så lite vatn at det så vidt dekkjer. Kok dei møyre, og ha dei i ein blender eller nytt stavmiksar til å laga ein glatt puré. Bruk gjerne litt av kokevatnet viss det trengs. Ha i nokre terningar smør, litt fløyte, salt, peppar og litt hakka timian.

 

Steikt brosme:

  • Fiskefilet, 150-200 g til kvar person
  • Olje som toler litt temperatur
  • Smør
  • Kvitlauk
  • Rosmarin
  • Salt og peppar

Varm panna med olje til litt over middels varme. Ha i fisken og steik til han får steikeskorpe på eine sida. Ha så i kvitlauk, rosmarin og litt kaldt smør. Når smøret har smelta tipper du panna på skeiva og heller smør over fisken med ei skei så han vert steikt ovanfrå og. Til slutt saltar og peprar du. Hugs å ikkje steika for mykje!

 

Ruccolasalat:

  • Ruccolasalat
  • Sitron
  • Olivenolje
  • Timian
  • Parmesan

Vask og slyng ruccolaen så han vert sprø og rein og litt tørrare. Skvis over sitron og vend inn litt olivenolje. Ha i riven parmesan og finhakka timian.

 

 

Sett saman alt og kok brokkolini (ein krysning mellom brokkoli og asparges) i to minutt til han vert såvidt møyr men har litt tyggemotstand. Server.

DSC_6895

6 tankar på “Steikt brosme med pastinakkpuré

  1. Hei og hopp, Liv!
    Så flott matblogg du har! Fristende og lekkert, og på dialekt 🙂
    Nå fikk jeg lyst på brosme, har ikke hatt det siden vi fikk en som dere hadde fiska hjemme.

    Likar

    1. hei!:) så hyggeleg med kommentar, takk takk! men det er ikkje dialekt – det er vel nynorsk;) men brosme er topp ja, de får vel komma til sjernarøy oftare då:)

      Likar

Legg att svar til tante Anne Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.