Kylling med omnsbakte grønsaker

Då me var små hadde me høner, stort sett italienarar og cokiner. Dei fekk brødrester og sånt og var tamme og fine. Dei fekk gå ut på graset når me såg på og me koste med dei og dei hadde namn og heitte Gjertrud og sånt. Det var i det heile veldig tålmodige høner, og cokiner er veldig treige høner og, så dei blei koste mykje med. Særleg av Amund, kanskje, som er søskenbarnet vårt. Så fekk me egg i ulike størrelsar og fargar, og dei låg her og der, og når hønene av og til kanskje hadde stukket av eller vore ute så var det egg andre stader og. Me hadde og ein hane som bråkte sånn, så han blei suppe. Det var det fleire høner som blei, forsåvidt, og me hadde mykje bra hønsesuppe og sånt då me var små.

Bra mat for to personar:
  • 1 stor og fin kyllingfilet frå Stange kylling
  • nokre søtpoteter, poteter, gulrøter
  • ein heil kvitlauk
  • babyspinat og ruccola
  • ein sitron
  • friske urter, gjerne timian og rosmarin
  • salt og pepar
  • 2,5 dl kyllingkraft
  • 15 g smør
  • 15 g mjøl
  • olivenolje
  • 1 dl fløyte
Lag ein lomme under skinnet på kyllingfileten og legg friske urter der. Gni kyllingfileten med sitronsaft, olivenolje, salt og peppar og legg han i ei ildfast form. Skrell og del poteter, gulrøter og søtpotet i bitar. Skrell ein hel kvitlauk og ha fedda i forma. Ha godt med olivenolje på, og salt og peppar. Set i steikomnen på 180 grader i 20-25 minutt til kyllingfileten og grønsakene er gjennomsteikte. Legg aluminiumsfolie over, og la kyllingen kvila i ti minutt før du skjærer han i skiver.
Sausen: Smelt smøret og rør inn mjølet og brun det lett. Spe så med krafta litt og litt og ha i fløyte. La det koka i 15 minutt til sausen er blank og litt tjukk. Ha i friske urter.
Lag ein salat av babyspinat og ruccola og godt med friske urter i som du skviser litt sitron over og har litt salt og peppar på.

9 tankar på “Kylling med omnsbakte grønsaker

  1. Hei!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

    Likar

    1. hahahaha! tenk at du hugser det, Silje! 😀 så utruleg moro:) du var nok sikkert det, ja, viss det ikkje var ein annan ein – det gjekk visst litt sinte hanar og andre høns den gongen..:)

      Likar

    1. Hei Marie! Jo, du, det har eg. Ta bort kylling og sausen. Server med kvite bøner i salaten og/eller strø rista valnøtter eller hasselnøtter over det heile, så har du protein. I tillegg kan du smuldra feta over alt saman. Det er VERKELEG godt:)

      Likar

  2. Jeg husker vi satt ved middagsbordet, og fikk høre at «idag er det håkon jr. vi spiser», eller «nå skal vi ha trude til middag», eller hva de nå het, alle sammen. Det var gode dager…

    Likar

Legg att svar til Liv Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.