Eltefritt brød

Dette her er eit usedvanleg godt brød. Du får, med heilt minimal innsats, eit fabelaktig godt resultat. Du får sprø skorpe og luftig, seig og smakfull innmat, eit ideelt brød til supper, blingsar, matpakke.

Prøv denne standardoppskrifta først, og slå deg så laus med grovare variantar, rosin- og kanelbrød (veldig godt!), far sitt fantastiske hasselnøttbrød eller kva du helst vil ha. Her er det godt rom for å laga sin favoritt.

 

Eltefritt brød

  • 5 dl mjøl
  • 4 dl vatn
  • ei halv ts tørrgjær
  • 2 ts salt

 

Rør alt enkelt saman og la det stå til heving i 12-18 timar. Det stemmer at det skal vere ein litt våt deig.

Når deigen er heva, heller du han på eit bakepapir med godt med mjøl på og bretter han over seg sjølv ti-tolv gonger. Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han stå der til etterheving i om lag 2 timer.

Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming.

Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i to timer), tek du gryta ut av omnen. Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Strø godt med maldonsalt på brødet! Sett på lokket og putt heile greia i omnen.

Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til, skru ned varmen til 220 grader.

Ha brødet på rist og la det avkjøla seg før du skjærer i det. Oppbevar det så i eit kjøkkenhandle og ikkje i plast, for då blir skorpa mjuk og litt trist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.