-
Gulrotkake
Gulrotkaka og eg festa fyrste bekjentskap i heimkunnskaptimane på barneskulen. Det me laga den gong då var ikkje imponerande greiene. Men som så mykje frå barne- og ungdomsskulen vert ting betre når du vert eldre. Det blir mindre grining fordi du raspar opp fingrane på rivgjernet. Kaka blir mindre flat. Du orkar venta til kaka [...]
-
Sjokoladecookies
I dag har me feira at våren og sommaren plutseleg kom. Det har vore ein fantastisk vakker dag, måtte det vara! Desse er favorittkjeksane mine i heile verda. Og dei er både raske, enkle og gode. Og så kan du laga deigen og laga ei pølse av han og legga han i frysaren – og [...]
-
Eltefrie rundstykker
Det er kjempefint med varme rundstykker til frukost. Det står definitivt på ti på topp-lista, der oppe saman med reint sengetøy og sommarferie. Men det er jo berre det at det kan vere litt styrete å setta i gang med baking sjukt tidleg på morgonen for å ha bakverk klart til frukost… Men det [...]
-
Muffins
Muffins. Eller cupcakes, for dei som er med i tida. Det er kjempesmart og veldig greitt, du kan ta dei med i handa og så blir det ikkje noko klin. Dette er blåbærmuffins med kremostglasur, og det er knallgodt, betre enn ein skulle tenka seg. Eg og nokre til laga desse på jobben i dag, [...]
-
Sjokolademousse
Kjærasten kom heim med nokre kjekke grøne ildfaste dessertskåler i dag, så me har testa om det går an å eta sjokolademousse av dei. Det går faktisk kjempebra! Denne oppskrifta held til seks porsjonar. Sjokolademousse 2 eggekviter 100 g sukker 1 ts vaniljesukker 150 g mørk sjokolade 2 eggeplommer 2,5 dl fløyte Smelt [...]
-
Kjøttbolleostesmørbrød
Ikkje at ostesmørbrød er noko ein treng oppskrift på, men her kjem ei likevel. Kjøttbollane er frå ein tipp topp kjøttbollar og pasta-rett me hadde i går, dei er heilt konge. Kjøttbollane: 400 g kjøttdeig 2 sjalottlauk, finhakka 2 kvitlauksfedd, finhakka 0,5 finhakka raud chili, utan frø 60 g brødsmular, finhakk fint brød i [...]
-
Eltefritt grovbrød
I Paris har dei fantastiske bagettar. Dei skal ha for det. Men me toppar dei så sinnsjukt når det kjem til grovbrød. Med blåbærsyltetøy eller brunost. Eller begge. Eg er glad i grovbrød som skal eltast, men eg er og skikkeleg glad i dei eltefrie brøda som du berre rørar kjapt saman og som lagar [...]
-
Ratatouille
Ratatouille er nok kanskje først og framst noko ein har til anna mat, det er til dømes kjempegodt til fisk eller kylling. Men det er veldig godt berre sånn i seg sjølv og, eller med pasta. Me hadde skikkeleg mykje parmesan til. Det var heller ikkje så verst. Ratatouille ein squash i skiver ein halv [...]
